torsdag 6. mai 2010

På jobb, med mykje skulearbeid å gjer...

...då er det bloggetid :)

Med ein god del koffein innabords er hjerna i høggir, og hoppar frå det eine til det andre: Java-oppgåve, interaksjonsdesignoppgåve, Facebook(fy!) og Spotify!

Og Spotify - eg eeelskar den nye Spotify social!! Oppdagar mykje ny (og gammal!) musikk og ofrar gjerne litt lese-/oppgåvetid på den gleda som det gir :D
Trur eg skal gå til innkjøp av Premium når lønna kjem.. blir jo heilt forferda når Christina Aguilera plutselig skrik inn i øyra mi...Då er det heilt greit at eg må bruke øyrepluggar på jobb - berre å nappe ut, og Christina gone byebye!

Jada, hadde mykje fornuftig å sæi idag. Back to work!

tirsdag 4. mai 2010

Stine + blogg = ikkje verdens mest stabile forhold?

Ja då var det over eit år sidan sist, då er det vel på tide igjen :)
Eg trur blogg er ei eksamenstid-greie for meg.

Java-oppgåva eg nevnte i forrige innlegg, den gikk rett i dass, så no ventar eg spent på om det gjekk bra med ei oppgåve i same faget som eg leverte i går!
Det viste seg at eg likte det faget ganske godt da, når eg berre fylte med og las;) Dessverre har interaksjonsdesign fått litt mykje merksemd i det siste, så no ligg eg litt etter igjen :S Men det skal gå bra denne gongen altså! Men håpet om A begynner å svinne litt ;)

Bra for Interaksjonsdesign-faget at det fekk mykje merksemd da! Fekk tilbakemelding på den oppgåva som tok så mykje tid, og den var heilt super! :D Teite reglar gjer at vi ikkje får karakter på kvar oppgåve, berre endelig karakter etter tre oppgåver, men vi har bestemt oss for å tolke den som minst ein B;) KJEKT!
Burde egentlig jobbe som ein heilt med oppgåve 2 no, men eg har faktisk jobba ein del med den idag, og begynner bli litt lei. I tillegg får eg ikkje installert Photoshop på denne PC'en, eller dvs eg tør ikkje prøve.. har nemlig levert inn min PC til reparasjon, så no har eg ein ultratreig gammal PC frå nittenpilogbue... eller 2005. Samma:P

Skal ha visning i morgon, forhåpentligvis få leigd ut rommet mitt frå juni, slik at eg slepp å betale husleige i sommar! Hadde fire interesserte gutar, men då dei var her for å skrive kontrakt fann vi ut at det er ein avtale mellom han som skal bli og husvert om at det skal vere 50-50 jenter og gutar. Dvs minst tre jenter. Og sidan tre av roma allereie er tatt av gutar var det ikkje mykje vi kunne gjere.
Satsar på at ei av dei to jentene som kjem i morgon vil ha romet mitt! Og forhåpentligvis vil den andre ha Trude sitt :)

Ellers er eg veldig klar for sommarferie! Bu heime med mamma og jobbe i ferskvara på Meny, masse tid med familie, catch up med gamle vener og kjente! Og forhåpentligvis sjå eit solglimt eller to:)

Så blir det, forhåpentligvis, USA til hausten!! :D
Skal på utveksling på State University Of New York at Albany! Wooh! Alabany er ein liten by -mindre enn Bergen- men eg trur det blir fint å bu i ein liten by, og ha NEW YORK CITY og Boston 2,5 og 3 timar vekke! Gler meg MASSE! Og grur meg litt, på ein måte, dvs eg syns det er dritskummelt! Reiser heilt mutters aleine, men satsar på at so lenge eg finn veien til skulen så skal alt ordne seg :D
Kjenner det skal bli litt godt å kome vekk til ein heilt annan plass ei lita stund, sjølv om eg trur eg kjem til å sakne min kjære Bergenby! Og ikkje minst familia mi, det har aldri gått så lenge utan ein tur heim før!
Men, eg skal gjere det! :)

No har eg visst skrive litt mykje:P Om nokon har gidda å lest alt; no veit du kva som surrar i mitt hovud;) I alle fall ein liten del av det..ikkje alt som passar seg å dele på verdsveven veit eg;)

No skal eg lese litt om Use Case og HTA og prøve å finne ein god grunn til å bruke Use Case framfor HTA - bortsett frå "eg kan det frå før og gidd ikkje lære noko nytt"...;)

C yah;)

lørdag 25. juli 2009

Joda.

Eg er skikkelig dårleg til å blogge.
Trur faktisk ikkje verda lid noko tap pga det, eg.
No er det sommar, for den som ikkje har fått med seg det!
Den gikk med eit *poff* og er snart over. Og eg gler meg.
Sommar er konge det, men ikkje når ein må jobbe på eit
kjøkken og stå opp klokka seks kvar ein dag. Eg MÅ sova bort
sumarnatta, og det er ikkje bra!
So eg tel dagar: 13 dagar igjen til eg er ferdig på Sulatunet,
10 dagar igjen eg faktisk må møte opp på Sulatunet, 13 dagar til
eg reiser til Steinkjer! Hurra! Og 16 dagar til eg reiser tilbake
til kjære, vakre Bergen <3 !

fredag 8. mai 2009

Eksamen er så gøy!

Eg vart visst omtrent like flink å oppdatere denne bloggen som den forige. Men no er det eksamenstid so då er plutselig alt anna veldig viktig å gjer!
Skulle ønske eg hadde begynt å lese før...sagt den før? Neeida!:P
Men denne våren forsvann ekstra fort! Poff! Det som er kjedeligast er at eg har akkurat rukke å funne ut at eg faktisk likar matte-faget vårt veldig godt! Kunne jo gjerne funne ut det litt tidligare enn 2,5 veke før eksamen da... men men:)Problemet der trur eg er at eg må faktisk sette meg ned og ha det stilt og konsentrere meg. Det vart mykje enklare når eg endeleg har slått meg til ro med at det blir ikkje noko sosialisering før eksamen!
Bortsett frå inn i sentrum ein tur på 17. mai sjølvsagt...;) Siri påstår og at det er på sin plass med Eurovision fest 16. mai...vi får vel sjå på den for min del:P blir så vanskeleg å kome seg inn i, og ikkje minst gå i, bunaden dagen derpå!! ;)

JAja, no skal eg ut i stormen og røyke. Av ein eller annen merkelig grunn fast bestemt på at eg ikkje skal slutte før til hausten. Ganske teit, men eg er visst litt sta, til og med mot meg sjølv. Vi har det ikkje alltid så lett, me, myself & I! :P

Savna dåkke tre følgarane mine og alle som høyrer til masse masse!

Smask! :)

onsdag 22. april 2009

Giragiragira!

I god student-stil har eg site ei god stund og surfa i staden for å gjer oppgåve. Av ein eller annan grunn havna eg inn på min gamle blogg. Skal på folkehøgskule-treff i helga, og prøvde å finne ut kva songar som var på ein Solvang-musikk-CD eg lagde når vi var ferdige.
Det fann eg ikkje men mange minner kom ramlande tilbake, og eg vart no mint på ein song eller to og. Og etterkvart har det og gått opp for meg at eg skal til Førde i MORGON! HURRA! Eg gler meg SO til å sjå folka igjen! Sjølv om det dessverre ikkje blir på longt nær alle som kjem til å dukke opp. I morgon virkar det eigentleg som vi blir berre fire; Anneh, Synnøve, Berg og meg. Men det blir uansett KONGE! Har ikkje sett Anneh og Berg sidan i sommar, snart eit år det! Og drikkings saman med Synnøve og dei to må vere over fire år sidan. Kanskje fem? Blir digg!

SJÅ dei fine folka:



Hmm...det blei litt stort...gidde ikkje fikse no :P
Dette er altså plakaten eg laga til revyen vår.
Egentlig litt flaut kor dårlig den er, men..:P

Utfordring - sant svar :P

Begynde å kome sej so vidt... men he ikkje gitt mej enda :P

82 Ord

Speed test

søndag 19. april 2009

utfordring!

Jaada Linda, ej knuuuste dej!!! Hahaa:P

200 Ord

Speedtest



Kva eg verkeleg fekk kan eg fortelje når eg har prøvd på ein dag som ikkje er søndag ;)