Då var siste oppgåva før påske levert, wohoo! Også siste oblig i INFO110 A.K.A verdas kjedeligaste fag! Sjølv om vi må fikse på alle tre til 20. mai da. Den vi leverte idag var nok den beste vi har gjort i år. Dessverre betyr ikkje det så mykje anna enn at dei to fyrste var heilt elendige:P
Anyhoo! No er eg ekstremt klar for ferie! Fekk ikkje sove i går, og atpåtil sto eg opp i 2-3 tida, sikker på at no var det på tide å stå opp. Kom heldigvis ikkje langt før eg oppdaga at eg kunne sove vidare. Heilt til kl 06.22..wohoo:P So no sit eg i sofaen trøtt som ei strømpe og samlar litt energi til å pakke, før båten går ikveld! :D Framme i Torvika 10.20 i morgon tidlig, og då skal eg vere heime til i alle fall neste mandag, 10 dagar det! Weeh:D
Gler meg masse til å vere heime, ikkje minst til 10-års-reunion med ungdomskulen! Det blir gøy det:D Skulle så svært scanne bilete frå den tida og legge ut på face'n men det har ikkje blitt (så mange) enno. Kanskje eg rekk det før eg reiser, men det var den energien da.
No skal eg koble heilt ut og sjå på Scrubs i ein halvtime, for eg har seriøst ingen aning kva eg har skrive. :P
Hejdå;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar