onsdag 21. januar 2009

Oppdatering

Må vel komme med ei oppdatering på mitt utruleg spanande liv!
Det vart etterkvart ut på laurdagen, ganske seint joina eg Siri på innflytningsfest med ein kompis av ho. Sidan det var så seint var vi der ikkje så lenge, men prata med nåken koselige folk før vi hit the town:) Bl.a. naboane til den leiligheita vi var i. Møtte nokre av dei som var der når vi var ute og røyka, og var innom der før vi gjekk. Havna la med to av dei på vei på byen, og det gikk i høglydt Abba og 90-tals-hits heile vegen! Fryktelig morsomt! :D Trur verda hadde vore ein mykje bedre plass om folk sang litt meir Abba :D

Så, Studenten. STAPPA fullt og technomusikk. Hurra. Trur kanskje ikkje eg kjem til å stemme for å gå dit ein laurdagskveld igjen. Som ei av dei på vors sa, det er verkeleg ikkje vits å gå ut i Bergen på laurdag, først står du i kø i hundre år, gjerne i regn, og så er det så fullt at du må slåss for å bevege deg ein meter. Hurra for torsdagsfest!!

Idag hadde eg eigentleg tenkt meg på infomøte for ASF (Aktive Studenters Forening). Tenkte eg kanskje skulle ta og engasjere meg i eit kvart, så det ikkje blir så mykje sofasliting. Møte fleire folk er heller ikkje å forakte! Men kvar var eg når det møtet begynte? Joda, på sofaen! Æsj. Men ååh så trøtt etter 8 timar på jobb. Ikkje at det er så slitsomt da, men berre det å være våken frå halv sju om morgenen, bah! Hjalp sikkert ikkje at det vart litt sein kveld i går pga Max Manus-kino-besøk! Men kanskje neste onsdag! Eller engasjering i noko anna.. vi får sjå:)

Då er Ida heime og eg treng ikkje lenger skrive for å få ut babbelet mitt!

So long! (eller: So long Linda! For du er vel gjerne den einaste som i det heile tatt veit at denne bloggen fins;))

2 kommentarer:

  1. hehehe ej fylle vertfall me ;)! techno :S fy og fy! Då må det vere betre med ABBASINGSTAR heime m storesysta ;)! håpe du kjem heim snart!?! klem

    SvarSlett
  2. Ej gløyme visst å sjå ette kommentara! haha:P
    No e ej heime, hurra:D

    SvarSlett