Jadda, happy valentines dag folkens! Alltid kjekt å ver singel på ein slik dag?
Neida, kan ikkje sæi det plagar med spesielt på denne dagen å vere singel. Og til dei som klagar over at vi importerer amerikanske høgtider (eller kva ein no skal kalle det) så har dei, ifølge wikipedia, feira den i England sidan 1600-talet. Er det greit då, om den ikkje er amerikansk? Er ikkje akkurat for amerikanisering eg heller, men at det fins ein dag då vi vert minna på å fortelje vår (eventuelle) kjære at vi er glad i han eller ho må jo berre vere ein bra ting. Så få vi single berre bite tenna saman og tåle det;) Eller som eg skal ikveld: feste! :D
Jada, Silje sin bursdag skal feirast ikveld! Det blir nok bra håper eg, kan vel alltids leite etter ein valentin der, sjølv om der vel ikkje er så mange ledige der..får mase på å gå ut!
Prøvde å feire min bursdag igår, det gjekk heller dårleg:P Men når ein inviterer folk kl 4 same dagen er det ikkje så rart. Det viste seg å vere heilt greit, delte ei flaske rødvin med Linda og spelte scrabble! Koselig, og supertrøtt ved midnatt, så greit å lade opp til idag!
No må eg vel tutle meg til Leikong igjen, og gjer meg klar. Besøke Besta før eg fer på fest så tida begynner å bli knapp;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar