tirsdag 3. mars 2009

Bad blogger

Eg er nok ikkje nokon god bloggar, to veker sidan sist..:P
Hadde eg no hatt noko å skrive om. Sit her og vurderer å reise heim i helga.
Ganske monge av vennane her i Bergen har enten allereie reist, eller planlegger
å reise, so då veit eg ikkje om eg gidd bli her. Ida er USA og, så er aleine i tom leiligheit. Kjedelig!
Hadde eg hatt litt meir peng til overs hadde det nok vore ein festekompis å
oppdrive til helga i allefall, men er jo raka blakk. Like greit å reise heim:)

No skal eg, så fort ræva løysnar frå sofaens grep, på butikken og hente pakke
frå Panduro! HURRA! Klar for å vere litt kreativ no! Sjølv om eg burde kanalisere all tiltakslyst og kreativitet inn i matte, programmering og oppgåveskriving. Tek det heller på jobb i morgon:P

No, kreativitet!

Hejdå :)

2 kommentarer:

  1. Haha :) du er like flink som meg...og eg har krav på skule om å gjere det minst ein gong i veka!
    Synst det var ein SÆRS god ide å reise heim! Snakkast til helga ;)

    SvarSlett
  2. Ja det syns eg og;) Gler meg masse! Men etter å ha sett diverse bilete på facebook heimanfrå begynner eg å få lyst på Leikong-fest! Skal tru om eg klarer la ver det? Stakkars økonomien min;)

    SvarSlett