mandag 23. mars 2009

Utfordring...

Utfordringa går ut på:
Skriv ned 20 fakta ting om deg selv

Tre av desse skal være noe som bare få personer har hørt om,
og skal markerest på en slik måte at alle kan se.
Ting som er blitt sagt, gjort eller tenkt - Alt er med !

Send deretter denne videre til minst 5 stk på din blogg

1. Eg skulkar forelesning akkurat no. Eller i alle fall om ein halvtime.
2. Eg syns matte er gøy, men kjem ikkje igong med siste rest av matteoppg som skal inn om to dagar.
3. Eg drakk rødvin når eg burde ligge og sove på laurdagsnatta(søndagsmorgon):P
4. Eg skal snart bruke mine siste småpengar på kaffi
5. Eg burde ikke bruke tid på å blogge for eg ligg ganske etter i skulearbeidet.
6. Eg skal bu i Ålesund i sommar<3
7. Det kan bli vanskelig å sende denne utfordringa vidare då eg berre har tre følgjarar på bloggen min:)
8. Eg blir glad når det er sol i Bergen. Slik som no :D
9. Eg er takknemlig for taket, varmelampane og pledda på Logehagen for sol går gjerne til høljeregn på to sekund i Bergen:)
10. Eg syns det er vanskelig å komme på 20 ting om meg sjølv. Spesielt ting få veit. (Tre følgjarar ja)
11. Eg har vore våken i snart ein og ein halv time, men har fortsatt ikkje kome meg i dusjen, eller uto pysjen!
12. Har heller ikkje gjort noko fornuftig enno. Anna enn å drikke kaffi og røyke (jadeterkjempefornuftig!)..det skal eg gjere igjen no før eg skriv meir! :D
13. No har eg gjort det. Det er enda meir sol ute no! :D
14. Eg gler meg utruleg mykje til å få lisjesysta til Bergen til hausten!
15. Eg er ikkje litt klar for eksamen som er om to mnd.
16. Eg sjekkar mailen min ca annakvart minutt og håpar på positivt svar på leiligheita med to soverom til 5000 som eg sendte interessert-i-mail om i går! Hadde gjort seg å bu så billig.
17. Eg har gjort denne utfordringa før, på Facebook.
18. Eg fekk nettopp ny javaoppgåve, der eg skal lage eit spel som heiter World of Zuul. Har litt panikk no.
19. I staden for å gjer fornuftige ting har eg litt lyst å lage ny heimeside til campingen til Kalle. hihi.
20. No skal eg gå i dusjen!

Ja, så var det å sende vidare utfordringa da. Som sagt har eg berre Elisabeth, Linda og Janne som les bloggen min, og utfordringa kom frå Elisabeth, som har sendt den til både Linda og Janne. Så, sidan Linda berre har skuleblogg utfordrar eg Janne til å ta utfordringa frå Elisabeth! :D Så får du telle som 5 personar;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar