torsdag 26. mars 2009

Tittel!

Går litt i rykk og napp denne blogginga mi, gløymer den heilt eg.
Anyhoo! I går blei det fagfest gitt! Sa på mandag at no skulle eg ikkje ut før eg kom heim, dvs ikkje før 4. april!! Jada, to dagar varte den planen, så blei eg lokka på fagfest. Ville mest fordi det virka som det var så mange som skulle. Nåvel. Vors var kjempekoselig, men vi vart berre 4 stk. Fagfesten var veldig tam! Og då kom vi ganske seint, likevel var det omtrent ikkje noko liv. Møtte Daniel og Eirik og fekk klemmar da, så då var eg happy;)
Så vart det ganske tidlig pølse på 7-eleven og heim og sove! Noko eg forsåvidt var meget glad for i dag tidleg, då vekkarklokka begynte kl. 06.23 eller deromkring! Men kom meg på jobb til kl 8, hurra! Litt sløv på jobb, mildt sagt. Men heldigvis var det lite som skjedde, så eg fekk vere i fred:P Sat på golvet på materiallageret og såg 27 dresses. Søt film! Anbefalast til alle so lika rosa filma;)

No skal eg gjer absolutt ingenting fornuftig, slappe av på sofaen og vente på at inspirasjonen til å gjer skulearbeid på magisk vis skal dukke opp ;)

Hadee;)

mandag 23. mars 2009

Utfordring...

Utfordringa går ut på:
Skriv ned 20 fakta ting om deg selv

Tre av desse skal være noe som bare få personer har hørt om,
og skal markerest på en slik måte at alle kan se.
Ting som er blitt sagt, gjort eller tenkt - Alt er med !

Send deretter denne videre til minst 5 stk på din blogg

1. Eg skulkar forelesning akkurat no. Eller i alle fall om ein halvtime.
2. Eg syns matte er gøy, men kjem ikkje igong med siste rest av matteoppg som skal inn om to dagar.
3. Eg drakk rødvin når eg burde ligge og sove på laurdagsnatta(søndagsmorgon):P
4. Eg skal snart bruke mine siste småpengar på kaffi
5. Eg burde ikke bruke tid på å blogge for eg ligg ganske etter i skulearbeidet.
6. Eg skal bu i Ålesund i sommar<3
7. Det kan bli vanskelig å sende denne utfordringa vidare då eg berre har tre følgjarar på bloggen min:)
8. Eg blir glad når det er sol i Bergen. Slik som no :D
9. Eg er takknemlig for taket, varmelampane og pledda på Logehagen for sol går gjerne til høljeregn på to sekund i Bergen:)
10. Eg syns det er vanskelig å komme på 20 ting om meg sjølv. Spesielt ting få veit. (Tre følgjarar ja)
11. Eg har vore våken i snart ein og ein halv time, men har fortsatt ikkje kome meg i dusjen, eller uto pysjen!
12. Har heller ikkje gjort noko fornuftig enno. Anna enn å drikke kaffi og røyke (jadeterkjempefornuftig!)..det skal eg gjere igjen no før eg skriv meir! :D
13. No har eg gjort det. Det er enda meir sol ute no! :D
14. Eg gler meg utruleg mykje til å få lisjesysta til Bergen til hausten!
15. Eg er ikkje litt klar for eksamen som er om to mnd.
16. Eg sjekkar mailen min ca annakvart minutt og håpar på positivt svar på leiligheita med to soverom til 5000 som eg sendte interessert-i-mail om i går! Hadde gjort seg å bu så billig.
17. Eg har gjort denne utfordringa før, på Facebook.
18. Eg fekk nettopp ny javaoppgåve, der eg skal lage eit spel som heiter World of Zuul. Har litt panikk no.
19. I staden for å gjer fornuftige ting har eg litt lyst å lage ny heimeside til campingen til Kalle. hihi.
20. No skal eg gå i dusjen!

Ja, så var det å sende vidare utfordringa da. Som sagt har eg berre Elisabeth, Linda og Janne som les bloggen min, og utfordringa kom frå Elisabeth, som har sendt den til både Linda og Janne. Så, sidan Linda berre har skuleblogg utfordrar eg Janne til å ta utfordringa frå Elisabeth! :D Så får du telle som 5 personar;)

mandag 16. mars 2009

I <3 Photoshop

Tok meg endelig tid til å vere litt kreativ idag, og endte opp med ein ny header til bloggen.
Kva syns?!

Burde virkelig bruke litt tid på å oppdatere stineflu.com no, men det får bli ein annan dag. Kjenner litt forkjølelse/influensa-ting, men det går eg ikkje med på! Så bør vel sove litt;)

Leverte endeleg Java-oppgåve idag, hurra! Sat på skulen saman med ein liten desperat gjeng til;) Fekk faktisk levert 50 minutt før eg måtte, ojoj;) Fungerte gjorde den og, så no kan eg spele yatzy med meg sjølv på PC'n..hurra:P

Ellers gler eg meg til Trude og Camilla kjem i helga! Og til påske, til 10-års konfirmant-reunion i påska, til 5-års-folkehøgskule-treff 24. april...og ein heil del til! Og ikkje minst til det blir vår! Høyres ut som det står på ein dusj utanfor husveggen no. BR!

Trur eg hadde meir å sæi, men det kan vi ta ein annan dag ;)

Nattinatt søtinga;)

lørdag 14. mars 2009

BLÆH!

Jada, saklig tittel idag!
Plutselig har eg tusen ting å gjer på skulen og får IKKJE til Java-oppgåva som skal inn på mandag. Ein gong i tida var eg SÅ glad i programmering. Denne hausten har eg nok hatt det litt for gøy med andre ting, og har no ikkje peiling. Fekk god hjelp på lab igår, men når eg ikkje studassen gjekk før eg forstod kva han meinte eg skulle gjere vidare er det vanskelig å gjere ferdig. Ikkje at eg meiner det er hans feil altså, kjempebra gjort av han å ver der og hjelpe oss til halv fire ein fredag når vi eigentleg skulle vere ferdige kl to! For ikkje å snakke om dei to som kom og hjalp sjølv om dei hadde fri. Men no trur eg kanskje at eg faktisk gir opp, i alle fall til i morgon. Ikveld skal eg ut! Noko som kanskje har litt rolle i kvifor eg har studert for lite? :P Men å site heime og programmere både fredag og laurdag kveld blir for deprimerande! Satsar på at nokon låner meg koda si, så kanskje eg finn ut den eine lisje setninga eg manglar! OK, nok programmeringssyting for idag! ;) Bortsett frå at eg skulle ønske eg hadde meir tid til å hjelpe Linda med hennar programmerings-issues, men hurra for at ho klarte det sjølv! Kjekkare det, sant Linda? ;)

Må vel legge til at bortsett frå eg-føler-meg-dum-som-eit-brød-på-universitetet-issues så er alt heilt strålande! Det er vår, sjølv regnet er greit fordi det er så vårete! :D Og i tillegg kjem beste lisjesysta til Bergen til hausten! Så vi har no blitt litt hekta på bolig-søk på finn.no! Dessverre er det ingen av dei fine vi finn no vi kan håpe på å få, då vi ikkje kan ta over før juni, men vi klarar ikkje heilt la ver likevel! Kjekt blir det i alle fall! Familie er det einaste Bergen manglar, og no får eg i alle fall litt av den hit;)

No må eg vel kome meg i dusjen og sjå om eg har noko reine kle. Tvilsomt. Trur eg må finne meg ei husmor:P Eller kanskje ein husfar..:P Tenkjer heile tida "no må eg vaske kle"... men sofaen min har eit godt grep om meg gitt:P

Oj, det vart eit langt innlegg. Eg som trudde eg ikkje hadde noko å sæi:P
Jaja, til dei som gadd å lese så langt, adios så lenge, og god helg! :D

torsdag 5. mars 2009

Ei utfordring til;)

Tenkte eg skulle stele ei utfordring frå Elisabeth også!
Men sidan eg er på jobb og har minimalt med bilete på denne PC-en (ingen undermapper)
brukar eg heller mine bilder-mappa på Facebook som utgangspunkt! :)


1:Åpne bildemappa eller det stedet du lagrer bilder på datamaskinen

2:Finn den sjette undermappa

3:Velg det sjette bildet

4:Publiser det (på en blogg eller annet egnet medium)

5:Skriv litt om bildet

Dette biletet er frå juledansen 2008, av Andre:)
Er vel ikkje så veldig mykje å sæi om dette biletet.
Bortsett frå at det er litt "sjeldant" sidan Andre
vanlegvis IKKJE vil vere med på bilete;)
Men så godt humør var alle i den kvelden at til og med
det gjekk bra;)

Musikk og bilete-utfordring!

Utfordringa til Janne!
Ta bilete og gi dei tittel frå ein song.


Sisters, sisters

Lord help the mister who comes between me and my sister! :D

_________________________

People let me tell you about my best friend!

Ein søt song frå sekstitalet av Harry Nilsson;)

_____________________________

I want to be Forever Young!
Har blitt mykje mimring om ungdomsskulen i det siste, då vi snart skal
ha reunion. I want to be forever young, då det var litt forstyrrande
at dette bildet faktisk er tatt for ti år sidan (eller ni..),
det kan jo ikkje stemme?! ;)




onsdag 4. mars 2009

Kreativitetting!:)

Litt kreativitet på gong i går ja. Mitt fyrste forsøk på å lage eigne øyredobbar!

Ganske vanskelig å ta bilder av slike småting med crappy kompaktkamera og dårleg lys, men her er i alle fall eit tappert forsøk:P








Disse var ekstra vanskelige å ta bilde av, så der er eit med ca ok farge, og eit med ca ok klarheit;)



...kva syns?:)

tirsdag 3. mars 2009

Bad blogger

Eg er nok ikkje nokon god bloggar, to veker sidan sist..:P
Hadde eg no hatt noko å skrive om. Sit her og vurderer å reise heim i helga.
Ganske monge av vennane her i Bergen har enten allereie reist, eller planlegger
å reise, so då veit eg ikkje om eg gidd bli her. Ida er USA og, så er aleine i tom leiligheit. Kjedelig!
Hadde eg hatt litt meir peng til overs hadde det nok vore ein festekompis å
oppdrive til helga i allefall, men er jo raka blakk. Like greit å reise heim:)

No skal eg, så fort ræva løysnar frå sofaens grep, på butikken og hente pakke
frå Panduro! HURRA! Klar for å vere litt kreativ no! Sjølv om eg burde kanalisere all tiltakslyst og kreativitet inn i matte, programmering og oppgåveskriving. Tek det heller på jobb i morgon:P

No, kreativitet!

Hejdå :)