lørdag 14. mars 2009

BLÆH!

Jada, saklig tittel idag!
Plutselig har eg tusen ting å gjer på skulen og får IKKJE til Java-oppgåva som skal inn på mandag. Ein gong i tida var eg SÅ glad i programmering. Denne hausten har eg nok hatt det litt for gøy med andre ting, og har no ikkje peiling. Fekk god hjelp på lab igår, men når eg ikkje studassen gjekk før eg forstod kva han meinte eg skulle gjere vidare er det vanskelig å gjere ferdig. Ikkje at eg meiner det er hans feil altså, kjempebra gjort av han å ver der og hjelpe oss til halv fire ein fredag når vi eigentleg skulle vere ferdige kl to! For ikkje å snakke om dei to som kom og hjalp sjølv om dei hadde fri. Men no trur eg kanskje at eg faktisk gir opp, i alle fall til i morgon. Ikveld skal eg ut! Noko som kanskje har litt rolle i kvifor eg har studert for lite? :P Men å site heime og programmere både fredag og laurdag kveld blir for deprimerande! Satsar på at nokon låner meg koda si, så kanskje eg finn ut den eine lisje setninga eg manglar! OK, nok programmeringssyting for idag! ;) Bortsett frå at eg skulle ønske eg hadde meir tid til å hjelpe Linda med hennar programmerings-issues, men hurra for at ho klarte det sjølv! Kjekkare det, sant Linda? ;)

Må vel legge til at bortsett frå eg-føler-meg-dum-som-eit-brød-på-universitetet-issues så er alt heilt strålande! Det er vår, sjølv regnet er greit fordi det er så vårete! :D Og i tillegg kjem beste lisjesysta til Bergen til hausten! Så vi har no blitt litt hekta på bolig-søk på finn.no! Dessverre er det ingen av dei fine vi finn no vi kan håpe på å få, då vi ikkje kan ta over før juni, men vi klarar ikkje heilt la ver likevel! Kjekt blir det i alle fall! Familie er det einaste Bergen manglar, og no får eg i alle fall litt av den hit;)

No må eg vel kome meg i dusjen og sjå om eg har noko reine kle. Tvilsomt. Trur eg må finne meg ei husmor:P Eller kanskje ein husfar..:P Tenkjer heile tida "no må eg vaske kle"... men sofaen min har eit godt grep om meg gitt:P

Oj, det vart eit langt innlegg. Eg som trudde eg ikkje hadde noko å sæi:P
Jaja, til dei som gadd å lese så langt, adios så lenge, og god helg! :D

5 kommentarer:

  1. Heisann Stine!
    Eg såg faktisk meg tida til å lese heile bloggen din! Artig;)
    Det er bra at du får bestaste vetlesøstera til Bergen;) Så får nestbesteste "vetlesøstera" finne seg ein annan plass å bu:p (Where? Don't know) Du skulle ha vore med i selskapet til Peter, utan tvil!

    Laurdagsklem frå Elisabeth

    SvarSlett
  2. Heia!
    Det er bra at du tek deg tid til å fare ut :) trengs det!
    Absolutt kjekkaste å få det til sjølv ja..:) blir så stolt etterpå!
    Håpe dåkke finn ein fin plass å bu, med god plass, slik eg kan kome på besøk :P!

    Når det gjeld selskapet til Peter, så fikk ikkje eg heller med meg så mykje av det...=) var så sliten! Flaks at Peter hadde verdens beste tante til å hjelpe å lage til selskap! Ellers trur ikkje eg vi hadde komt i mål!
    Men selskap vart det, med kaker og det heile! (sjølv om eg hadde gløymt skittentøysdunkane på badet :S) hehe

    Glede mej til du kjem heim igjen igjen.
    Gla i dej! KLEM

    SvarSlett
  3. Eg fekk faktisk hjelp med snillaste Audun igår, så no er oppgåva nesten ferdig, hurra! Men glad eg gjekk ut ja! Var kjempekjekt, og eg var faktisk på dansegolvet heile kvelden!! Det er jammen ikkje ofte det skjer! :P Veldig gøy på tremannsvors også, hurra! Og ikkje fyllesjuk idag, sjølv etter fire-fem drikkeleikar. Life is good! :D
    Kven er nestbestaste "vetlesystra" du snakkar om Elisabeth? Du, kanskje, sidan der er hermeteikn? Hehe:P men du har jo plass å bu? I don't get it... mulig eg drakk vekk nokre hjerneceller igår likevel XD
    Ha vår kjekt å vår med på selskapet. Fortsatt lyst på rullekake!!! :P Eller heiter det swissrull? Hehe...kanskje eg skal prøve meg på å bake til Trude og Camilla kjem i helga, hihi:)
    Gla i dej me sis! Å dej Elisabeth! :D
    Sløv søndagsklem frå mej;)

    SvarSlett
  4. Hei Stine:-) Kjempestilig heading (eller ka d no heite) på bloggen din! Klem

    SvarSlett
  5. Tusen takk Janne!:D klemklem!

    SvarSlett