mandag 16. mars 2009

I <3 Photoshop

Tok meg endelig tid til å vere litt kreativ idag, og endte opp med ein ny header til bloggen.
Kva syns?!

Burde virkelig bruke litt tid på å oppdatere stineflu.com no, men det får bli ein annan dag. Kjenner litt forkjølelse/influensa-ting, men det går eg ikkje med på! Så bør vel sove litt;)

Leverte endeleg Java-oppgåve idag, hurra! Sat på skulen saman med ein liten desperat gjeng til;) Fekk faktisk levert 50 minutt før eg måtte, ojoj;) Fungerte gjorde den og, så no kan eg spele yatzy med meg sjølv på PC'n..hurra:P

Ellers gler eg meg til Trude og Camilla kjem i helga! Og til påske, til 10-års konfirmant-reunion i påska, til 5-års-folkehøgskule-treff 24. april...og ein heil del til! Og ikkje minst til det blir vår! Høyres ut som det står på ein dusj utanfor husveggen no. BR!

Trur eg hadde meir å sæi, men det kan vi ta ein annan dag ;)

Nattinatt søtinga;)

2 kommentarer:

  1. Nyyydelig header :D du e kjempeflink! Ej m vil ha photoshop!

    SvarSlett
  2. Tusen takk! :D Akkurat no he ej gratis trial, lett å laste ned frå adobe.com :) vare i 30 daga, so kan ej hjelpe dej å få en litt mindre lovlig en i påska om du vil ;)

    SvarSlett